Atle Vårvik_450x301

MOT som del av leiarfilosofi og verdigrunnlag i Etne kommune

Etne kommune har sidan 2007 vore Lokalsamfunn med MOT. Organisasjonen MOT er Etne kommune sitt val av verktøy for haldningsskapande arbeid blant barn og unge. MOT jobbar for å styrkje dei unge, spesiellt på tre område: til å sei nei, til å bry seg og til å leva.

Evalueringar viser at MOT er eit godt verkemiddel i eit lokalsamfunn for å setja fokus på positive verdiar og haldningar og med det auka ungdommen sin livskompetanse. MOT har ein positiv effekt på trygghet, og skule-og klassemiljø.

 

Lokalsamfunn med MOT er ein modell for ei heilskapeleg tenking rundt alle aktørar i lokalsamfunnet, skule, lag-og organisasjonar, føresette, næringsliv og kommunal leiing.

 

 

Under MOT turneen som vitja Etne våren 2010, spela rådmannen i Etne kommune inn eit ynskje til MOT grunder, Atle Vårvik: Etne kommune ynskjer å gjera MOT til ein del av leiarfilosofien og verdigrunnlaget i Etne kommune. 10.-11.mars 2011 var Atle Vårvik i Etne og hadde skulering med leiargruppa. Etne kommune er med det første kommune i landet som løftar MOT-fana så høgt og blir ein pilotkommune når det gjeld leiarutvikling med MOT.

Atle Vårvik

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Leiarane i Etne kommune

 

 

 

 

 

 

 

 

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut