
Mot til å glede dagen 2011
Kvart år den 23. november arrangerar me "MOT til å glede-dagen". Skulane i Etne har markert dette i fleire år.60 000 ungdommar tek del i MOT sine program, og denne dagen har alle eit felles mål - å glede så mange som mulig, mest mulig, med små midlar! Den 23. november har blitt ein merkedag.
Etne kommune utfordrar alle til å bruka dagen godt - gled andre!