Mowi

Mowi ASA søkjer om løyve til arealendring

Høyringsfrist 25. februar 2021. 
Søknad om mindre endring av areal og flytting av fôrflåte i anlegg for oppdrett av stamfisk av laks på lokalitet 10147 Tungesvik i Etne kommune

Mowi ASA søkjer om løyve til arealendring i anlegg for oppdrett av stamfisk av laks på lokalitet 10147 Tungesvik i Etne kommune.

Mowi ASA søkjer om endring og flytting av forflåten til nordsida av anlegget, samt å plassere to mindre bur i sørenden av anlegget. Det vert ikkje søkt om endring i maksimalt tillaten biomasse i anlegget. Produksjonskapasiteten på lokaliteten blir uendra på 1235 tonn.
Lokaliteten ligg utafor areal som er omfatta av kommuneplanen for Etne kommune.

Konsesjonshandsaminga vert føreteke av Vestland Fylkeskommune, Næringsavdelinga. Kommunen er uttaleinstans etter plan- og bygningslova, til konsesjonssaka.

Eventuelle merknadar eller innspel til søknaden skal sendast skriftleg til post@etne.kommune.no, innan 25. februar 2021.

Spørsmål kan rettast til Mowi ASA ved Svein Ådland, tlf. 21562300 eller til Etne kommune, utvikling, tlf. 53758221.  

VLFK brev Etne kommune 22.12.2020 Tungesvik (L)(299439).pdf

Søknadsbrev anleggsjustering Tungesvik 2020 (L)(299443).pdf

Søknadsskjema Tungesvik 2020 signert (L)(299444).pdf

Saksgangen+i+søknader+er+akvakulturlova+(298513).pdf

Tips ein ven  Skriv ut