Coronamutasjon

Mutert koronavirus gjev grunn til ekstra varsemd

22. januar 2021 vart det påvist utbrot av den «engelske» virusmutasjonen av koronaviruset i Nordre Follo, og som ein følgje av dette er det iverksett kraftige tiltak i 10 kommunar på austlandet.

Alle som har vore i nokre av desse kommunane dei siste 10 dagane vert oppmoda om å teste seg, og å avgrense den sosiale kontakten.

Har ein i løpet av dei siste 10 dagane hatt nærkontakt med nokon som har hatt opphald i kommunane må ein visa varsemd og ha låg terskel for å teste seg.

Generelt sett vert innanlandsreiser ikkje tilrådd, og det vert oppmoda om særskild varsemd ved nødvendige reiser til og frå desse områda.

Det vert frårådd å gjennomføra besøk på omsorgsheimane i Etne og Skånevik dei første 10 dagane etter heimkomst frå ein av dei 10 kommunane.

Dei 10 kommunane det gjeld er: Enebakk, Frogn, Indre Østfold, Moss, Nesodden, Nordre Follo, Oslo, Vestby, Våler og Ås.

Desse tilrådingane om ekstra varsemd gjeld i første omgang til 29. januar 2021.

 

Bjørn Tollefsen

Kommunedirektør

Etne Kommune

Tips ein ven  Skriv ut