Nå er dei nye renovasjonsrutene for 2018 klare!

Ny-beholder-glass-og-metall

HIM innfører ny henteordning for emballasje av glass og metall frå januar 2018. I det høve legg HIM om alle renovasjonsrutene. Dette vert gjort for å effektivisere drifta, og for å tilpasse dagens renovasjonsruter til rutene for den nye henteordninga. Endringane medfører at dei fleste abonnentar får nye tømmedagar frå 2. januar 2018.

2017-12-19

Behaldarane for emballasje av glass og metall vil bli tømt kvar 8. veke. Behaldarane for rest- og matavfall vil framleis bli tømt kvar 2. veke og papiravfall og plastemballasje bli henta kvar 4. veke.

 

For å få oversikt over dei nye tømmedagane tilbyr HIM fleire alternativ. Du kan gå inn på HIM sine nettsider www.him.as der du kan skrive inn adressa di og sjå dei nye tømmedagane dine for 2018. Til dei som har smarttelefon anbefalar me i HIM at du lastar ned Appen «HIM Renovasjon» som varslar om tømming dagen før. Nåverande brukarar av Appen får automatisk oppdatert dei nye renovasjonsrutene. Miljøhensyn gjorde at HIM i 2016 slutta med utsending av trykt kalender.

 

Ruteomlegginga fører til at ein del abonnentar får lenger tømmeintervall mellom siste tømming i 2017 og første tømming i 2018. På første tømmedag i 2018 kan dei abonnementa dette gjeld sette fram ein ekstra sekk/pose med restavfall eller ei eske med papiravfall. 

 

Samtidig som HIM har levert ut nye behaldarar til emballasje av glass og metall blei dei gamle glassigloane fjern. HIM reknar med at behaldarane vil vera store nok for dei aller fleste, men det vil bli mogeleg å bestille større behaldar mot ein liten tilleggskostnad. Dersom behaldaren skulle bli full, vil det på første tømming over nyttår bli gitt høve til å sette fram ekstra emballasje av glass og metall.   

 

De nye behaldarane har lås og «lokk-i-lokk» for å hindre feil bruk.  Det er kun emballasje av glass og metall som skal kastast i desse. Det skapar problem i gjenvinningsprosessen viss eldfaste former, porselen, steinty og drikkeglass vert kasta her. Slikt avfall skal leverast i restavfallsbehaldaren. Gryter, panner og anna metall må leverast til eit av våre betente mottaksanlegg.

 

Den nye henteordningen er innført for å auke servicen og for å gjere det lettare for deg å sortere eige avfall. Dette er i tråd med norske og Europeiske krav om auka sortering og materialgjenvinning. HIM håpar alle sluttar opp om kjeldesorteringsordningane slik at me kan sende avfallet vidare som nye råvarer. Dette er med på å verne om miljøet og bidreg også til å halde renovasjonsavgifta nede.

 

Det er personell tilslutta Vepro og Avdeling for arbeid og inkludering i Tysvær kommune som har stått for montering og utlevering av de ca. 20 000 behaldarane. HIM er svært godt nøgd med måten jobben er blitt utført på.

 

For ytterlegare informasjon:

Magnus T. Hauge       Leiar Info. & Plan                              901 20 188

Tor Harald Håland      Daglig leder, HIM Transport AS         930 56 686

 

Tip a friendTips ein ven