Landbruk

KORT FORTALT

Utviklingsavdelinga har i oppgåve å handsama saker som gjeld landbruksforvaltning.

Landbruket i tal

Etne er ein av dei største landbrukskommunane i Hordaland.
I statistikkbanken til Statistisk sentralbyrå finn du tal for jordbruket i kommunen. Sjå Landbruksteljing

Tilskott til Særskilte miljøtiltak i landbrukets kulturlandskap (SMIL)
(meir informasjon kjem)

Landbruksplan

Landbruksplan for kommunen (kjem)

Skogbruksplan

Skogbruksplan for kommunen (kjem)

Etne avløysarlag

Etne avløysarlag har tilbod om landbruksvikar og kan kontaktast gjennom Jarle Mikkelsen, Martin Rullestad og Eivind Frette.

Jarle Mikkelsen
Landbruksvikar
Mob: 413 07 885

Martin Rullestad
Landbruksvikar
Mob: ​911 80 530

Eivind Frette
Styreleiar
Mob: 908 95 249

Veterinærordninga i Etne

Veterinærane i Etne er:
Håvard Kambo
Marie Myklatun Krosness 
Ane Sandal Solberg

Veterinærkontoret har adresse Sjoarvegen 35 (nede på kaien). Dei har kontortid mellom klokka 8.30 og 10.00 måndag til fredag.
Felles vakttelefonnummer er 92 98 92 98. Vakttelefonen er open heile døgeret heile året. 

Haugaland landbruksrådgjeving

Haugaland landbruksrådgjeving tilbyr rådgjeving til gardbrukarar i Etne og 7 andre kommunar i Nord-Rogaland og Sunnhordland. Dei har om lag 900 medlemer. Fagområda deira er grovfordyrking, bærproduksjon og maskinsamarbeid. Dei arrangerer kurs og fagmøte, og er ein viktig samarbeidspartnar for landbruket på Haugalandet. Dei har to kontor, i Haugesund og Ølen og 5 tilsette. Les meir om kva dei kan tilby her:

Etablering av naudnummer ved akutt behov for avløysarhjelp

Føremålet med landbruksvikarordninga er å sikre at primærprodusentane over heile landet skal ha tilgang på arbeidshjelp når dei treng det ved akutt sjukdom eller skade. I 2008 vart det difor starta opp ei utvida landsdekkande landbruksvikarordning som er administrert av Norges avløysarlag og finansiert over jordbruksavtalen.
I juni 2011 etablerte avløysarlaget Landbrukstenester Hordaland eit nytt naudnummer til bruk ved akutte avløysarbehov. Bøndene i 18 kommunar i fylket kan alle dagar året rundt ringe naudnummeret 07052 og få hjelp med dyrestellet frå kvalifiserte avløysarar. Den nye ordninga skal bidra til å gi bøndene tryggleik for at dei skal vere garantert hjelp ved akutte problem.  

Skogeigarane sin tilgang til skogfondsystemet

Heimesida www.skogfond.no gir nyttig informasjon om skogfondsordninga. Der kan du også sjekke saldoen på skogfondkontoen din.

Kontaktinformasjon

Annbjørg Bue
Rådgjevar skogbruk og landbruk
E-post
Telefon 53 75 82 60
Reidar Rødne
Rådgjevar landbruk
E-post
Telefon 53 75 82 61