Helsedirektoratet

Nasjonale mål og prioriteringar på helse- og omsorgsområdet i 2014

​IS-1 er Helsedirektoratets årlege rundskriv til fylkesmennene, kommunane, regionale helseforetak og fylkeskommunane. Målgruppa er administrativ og politisk leiing.

Helsedirektoratet har nå publisert rundskrivet på nettsidene sine, IS-1/2014. Rundskrivet for 2014 vert ikkje trykt på papir.

​Rundskrivet vidareformidler viktige nasjonale mål og prioriteringar på helse- og omsorgsområdet i 2014.

Målet er at mottakarane bruker informasjonen i verksemdsplanlegginga si, og at ei samla framstilling bidreg til informasjonsdeling og koordinering på tvers av målgruppene.
 
Utgangspunktet er statsbudsjettet (Prop. 1 S), departementets tildelingsbrev til direktoratet og direktoratets strategiske plan for 2014-2018.
 
 
Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut