NAV Vindafjord- Etne

NAV Vindafjord og NAV Etne har slått seg saman

Det nye NAV kontoret vil heite NAV Vindafjord - Etne og vera lokalisert på Rådhuset i Ølen.

NAV Vindafjord og NAV Etne har no slått seg saman. 

I forbindelse med koronasituasjonen er NAV kontoret stengt for møter utan avtale for å førebyggje og begrensa smitte av koronavirus . Har du behov for å koma i kontakt med NAV kan du ta kontakt gjennom dialog i aktivitetsplan direkte til veiledar, eller chat og «skriv til oss» på www.nav.no. Det står mykje god og oppdatert informasjon på nav.no, så gå gjerne inn her å sjekk før du eventuelt tar kontakt med NAV. https://www.nav.no/no/person

Har du ikkje moglegheit å henvenda deg digitalt kan du og kontakte NAV på 55 55 33 33, eller kontakte oss på den lokale vakttelefonen på 901 72 874. Vakttelefonen er ope alle kvardagar 12.00 – 14.00.

Økonomisk sosialhjelp

For dei som har behov for å søkje økonomisk sosialhjelp  ligg det søknadsskjema på kommunen sine heimesider: Søknad kommunale tenester 
Benytt Vindafjord kommune sin postkasse på Rådhuset for å levere inn søknadsskjema, eller send inn per post. For dei som ikkje har moglegheit til å skrive ut søknadsskjema, så  heng det ein postkasse utanfor Rådhuset med tomme skjema som kan fyllast ut og leggast i postkassa til kommunen.

Har ein ikkje moglegheit til å levere inn søknadsskjema i postkasse eller sende via posten kan ein ringe inn til vakttelefonen og få snakka med ein rettleiar.

Pressemelding

Tips ein ven  Skriv ut