No e’ da min tur III – ei framtid på bygda og i landbruket

4.-5. mai 2012 inviterer Fylkesmannen i Hordaland og Hordaland fylkeskommune saman med faglaga til ungdomskonferansen ”No e’ da min tur III”. Konferansen er den tredje i rekka, og no etablert som ein møtestad for nettverksbygging, inspirasjon og kunnskap om det mangfald av moglegheiter som finst på bygda og i landbruksnæringa.

Til å presentera idear og skape motivasjon har me henta inn ei rekkje dyktige innleiarar frå forsking, organisasjonar, forvaltning og lokale lag. Sist, men ikkje minst vil unge bønder fortelje om sitt engasjement for bygda og bondeyrket.

Målgruppe
Målgruppa er unge som sit på odel til landbrukseigedomar, unge vaksne som nyleg har overteke gardsbruk (jf. at snittalderen for overtaking er 46 år) og andre unge med interesse for bygda og landbruket. I tillegg er sjølvsagt representantar frå forvaltninga, bygdelag og organisasjonar med særleg ansvar for landbruk, bygdemobilisering og ungdomstiltak naturlege deltakarar. 

Tid og stad
Konferansen er lagt til Hotel Ullensvang på Lofthus 4.-5. mai 2012. Deltakarar under 35 år betalar makspris på kr 800. Prisen føreset overnatting i dobbeltrom.

Påmelding
Påmelding er lagt ut på Fylkesmannen i Hordaland si heimeside

For meir informasjon, ta kontakt med seniorrådgjevar Eli Janette Fosso, Fylkesmannen i Hordaland, landbruksavdelinga. Tlf: 55 57 21 83 eller på e-post

Påmeldingsfrist: torsdag 29. mars.

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut