Frivilligsentralen i Etne og Skånevik

Frivilligsentralen har som mål å stimulera til auka frivillig aktivitet, og ta vare på og utvikla det organiserte og uorganiserte frivillige arbeidet i Etne kommune. For å oppnå dette, ønskjer vi å ha tett kontakt med lag og organisasjonar i bygdene.

 

2013-02-22

Frivilligsentralen[1].jpg

Frivilligsentralen er eit bindeledd mellom einskildpersonar som ønskjer å yta ein ubetalt innsats i nærmiljøet og einskildpersonar som ønskjer å ta i mot slik innsats. Vi organiserer altivitetar for auka trivsel og tryggleik, så som:

 

  • Hjelpa med førebyggjande arbeid for barn og unge.
  • Skape trivsel for personar i utsette grupper.
  • Motvirka isolasjon av einskildpersonar
  • Formidla praktisk hjelp til einskildpersoner, i tillegg til offentlege tenestetilbod.

             

Ved Etne frivilligsentral kan du delta – som gjest, medhjelpar eller mottakar - i allereie etablerte aktivitetar og prosjekt, eller du kan komma med ønskjer og forslag om andre ting du kan tenkja deg å gjera. Vi har mange flinke hjelparar, men treng fleire. Utfordringane er mange!

 

Frivilligsentralen kan alle høyre til. Så ta kontakt, dersom du kan tenkja deg å bruka litt av tida di på å hjelpa andre.

Årsmøte for 2018 er den 22. mars.  

Årsmelding for 2017 finn du her.

Årsmøtepapir kan du få ved forespørsel.

Ny dagleg leiar frå 1. mai, er Solveig Kvamme.

Sjå også: https://www.facebook.com/etne.frivilligsentral

 

Etablerte aktivitetar:

  • Ettermiddagskaffi
  • Middag på Ståvo og Skånevik Fjordhotell
  • Følgehjelp
  • Seniordata
  • Gladsong/allsong
  • Sitjedans/seniortrim
  • Turar
  • Bingo for seniorar
  • Karaprat
  • Rusletur
  • Seniortrim

 

Frivilligsentralen yter ikkje tenester i konkurranse med yrkesutøvarar. Sentralen er heller ikkje ei erstatning for offentlege tenestetilbod, men eit supplement til etablerte hjelpetenester.  

Hovudkontor er i Etne, medan Skånevik har kontordag onsdagar i partalsveker (kl. 10.00-14.00).

 

Kontor:
Etne bustadskiping - tlf. 902 38 354
mail: 
frivillig.etne@gmail.com

Skånevik omsorgsenter

kto. 3543.13.38457 -  Adresse:  boks 48, 5591 Etne

Tip a friendTips ein ven