Kraftleidningskart

Ny 420 kV kraftleidning Blåfalli—Gismarvik

Høyring av konsesjonssøknad og invitasjon til opne kontordagar. 

NVE har motteke konsesjonssøknad og konsekvensutgreiing (KU) for ny 420 kV leidning frå Blåfalli i Kvinnherad til Gismarvik i Tysvær, via Etne og Vindafjord kommunar. Saksdokumenta ligg her: https://www.nve.no/konsesjonssaker/konsesjonssak?id=4728&type=A-1

Grunna koronapandemien og omsyn til smittevern vil ikkje NVE halde opne folkemøte som vanleg, i staden vil NVE halde opne, offentlege kontordagar i kommunane, i Etne 14.10.20 (NB: Krav om påmelding): 

  • Etne kommune: Onsdag 14. oktober kl. 15.00-21.00 i Skakke kulturhus.

Meir info i vedlagt brev frå NVE.

Grunna smitteverntiltak vil det vere påmelding for dei som ønskjer å delta på dei opne kontordagane. Desse vil få tildelt ei avgrensa tid dei må møte opp på, og det vil vere restriksjonar på kor mange personar som kan delta per tildelt tid. NVE set ei grense ved tre personar per husstand eller organisasjon/interessegruppe. Booking av tid på NVE sin nettstad https://outlook.office365.com/owa/calendar/NVEkonsesjon1@nve.no/bookings/

HØYRINGSFRIST: 14. desember 2020.

Tips ein ven  Skriv ut