Kake

Ny bankavtale mellom Etne kommune og Sparebank 1 SR-bank

Sparebank 1 SR-bank leverte det beste tilbodet

I samsvar med reglande for offentlege innkjøp har Etne kommune gjennomført anbodskonkurranse om banktenester. Der var det Sparebanken 1 SR-bank som totalt sett leverte det beste tilbodet, både på pris og kvalitet / service.

15. mai var banken på besøk i Etne og partane skreiv under på avtalen som gjeld i 3 år frå og med 01.06.19, med opsjon på eit års forlenging. Etne kommune ser fram til eit godt samarbeid!

Ny konto for innbetalingar til kommunen er: 3330.30.22088. Faktura frå kommunen vil i ein periode vere merka spesielt med dette.

Har du AvtaleGiro eller eFaktura med kommunen treng du ikkje gjere noko, kontonummer vert endra automatisk.

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut