Ny L1-1 Etne stasjon

Ny brannbil til Etne stasjon

Det er fornying på gang når det gjeld brannbilparken i området vårt. Først ut er ny førstebil til Etne stasjon. 

Denne flotte brannbilen vert offisielt overrekt i dag 29. mai kl. 13.30, der ordførar og representant frå leverandør vil vera tilstades på Etne stasjon.

Nye L1-1 er eit solid løft til beredskapen i Etne. Denne er utstyrt med 10.000 liter vanntank, skumtank, kanon på taket, IR-kamera i front, kartverk, nettbrett, separat luftforsyning til sjåfør og utrykningsleiar og mykje meir. Bilen er ein Scania P450 4x4. Dette er ein bil som vil vera ein ressurs, ikkje bare innanfor Etne stasjon sitt sløkkeområde, men også bistand til nabostasjonar i eige brannvesen, og ikkje minst bistand til nabobrannvesen. Eksempelvis tunellbrannar innanfor Odda brannvesen sitt sløkkedistrikt.

Ny brannbil_650x366.jpg

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut