Brannsjef og ordførar

Ny brannbil til Etne

I dag blei kjøpskontrakt om ny brannbil signert av ordførar Siri Klokkerstuen med brannsjef Morten Svandal tilstades.

Dette vil bli brannbil nummer 1 i Etne kommune, og fordelane med denne bilen er mange.

Den er fyllt opp med 10 m3 vatn der det og er mogeleg med skuminnblanding. Bilen har ein mannskapskabin for fem mann.

- Det som er spesielt bra med denne bilen er at den er særskilt tilpassa sløkking i tunellar, seier brannsjef Morten Svandal. Den har frisklufttilførsel for dei som sit i bilen og den har infrarød monitor for sikt i tett røyk. Mannskapet har då oversikt over folk og bilar som rømmer tunellen og om det er folk som ligg i vegen eller grøfta.
Temperatur på røyken kan målast og brannbilen har ei kanon på taket som er fjernstyrt frå førarhytta.

- Etne kommune har eit stort ansvar i forhold til dei mange og lange tunnelane me har langs E134. Dette er ei viktig satsing i høve beredskap som me tek på alvor i kommunen, seier ordførar Siri Klokkerstuen, dei skal ta vare på oss, og då vil jo me ta vare på dei.

Brannbilen har ein pris på 4,1 millionar kroner inkludert ekstrautstyr. Det er søkt om stønad frå Statens Vegvesen.

Den nye brannbilen skal leverast Etne kommune i løpet av mars 2017.

 

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut