Brann og redning - logo

Ny brannstasjon Etne kommune

Dagens brannstasjon i Etne har trong for omfattande oppgraderingar/ombygging. Som eit alternativ til dette ønskjer kommunen å få kartlagt om det finns interesse blant private utbyggjarar/bedrifter for å tilby utleige av areal/bygningsmasse som kan ivareta brannvesenet sine bygningsmessige behov. 

Det kan vere aktuelt med både frittståande bygg og bygg som kombinerer brannstasjon med anna næringsaktivitet. Link til ønskja romprogram, døme på enkelt skisseprosjekt (utarbeida mtp ombygging av eksisterande brannstasjon), samt kart over aktuelt avgrensa område for plassering av brannstasjon finn du nedst på sida. Ny stasjon er ønskja ferdigstilt til 01.01.2018.

Kommunen understreker at det som her er av interesse er ein leigekontrakt, jf. anskaffelsesforskrifta § 2-4 bokstav a. Slike kontraktar er unnatekne frå lov og forskrift om offentlege anskaffingar. Kommunen ønskjer med dette å undersøke marknaden kva gjeld moglegheitene for leige av lokale til brannstasjon. Det gjerast atterhald om at kommunen sjølv må vurdere kor vidt tilboda som kjem inn kan definerast som tilbod om leigekontrakt. Kommunen påberoper seg vidare retten til å gå i forhandlingar med éin eller fleire tilbydarar, og understreker at inngåing av leigekontrakt skjer med atterhald av politisk godkjenning.

Frist for å melde interesse er måndag 13.03.2017. Kommunen ber då om ei skildring av tilbode område/tomt/adresse samt kva løysing ein ser føre seg bygningsmessig, då med tanke på frittståande eller kombinert bygg.

Interesse meldast/sendast til: kristian.gudmundsen@etne.kommune.no

Link til vedlegg:
Områdeavgrensing
Områdeavgrensing plan
Utkast ønska romprogram ny brannstasjon Etne kommune  PDF document ODT document
Utkast plantegning (eksempel ombygging av eks. brannstasjon)

For nærare informasjon, kontakt:  Kristian Gudmundsen, tlf. 91558386 -  53758237,  kristian.gudmundsen@etne.kommune.no

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut