Sansehage Etne omsorgssenter_650x389

Ny flott Sansehage ved Etne omsorgssenter

Etne omsorgssenter vil retta ei stor takk til alle som har bidratt til at me nå har fått ein flott sansehage.

Frivilligsentralen i Etne har stilt frivillige til disposisjon, Hagelaget med kyndig rettleiing og innsats, Etne Hagesenter som har levert planter, busker og frukttre. Kostnaden er dekka inn frå gåver gitt til bebuarane på omsorgssenteret. Hagen blir flittig nytta av bebuarane til tur og oppleving. Det å kunna bevega seg utandørs har positiv effekt for mange, nå har omsorgssenteret eit godt tilrettelagt uteområde for personar med ulik funksjonsnedsetting.

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut