Korona-krisepakke

Ny Korona-krisepakke for kulturlivet

Den tredje koronakrisepakken for frivillige lag og organisasjonar og er klar, og har som formål å kompensera for betydeleg inntektsbortfall (evt meirutgifter) som følje av dei pålagde koronarestriksjonane.

Her er fleire ordningar å søkja på, men grovt sett kan me seia at frivillige lag og organisasjonar søkjer via Lotteri og stiftelsestilsynet https://lottstift.no/,
medan meir profesjonelle aktørar søkjer via Kulturrådet https://www.kulturradet.no/. Sjekk nettsidene og hald dykk orienterte og/eller ta kontakt med kulturkontoret for rettleiing!

  • Frivillige lag og organisasjonar:

Krisepakke 3 gjeld for perioden 12. mars til og med 31. desember 2020. Søkjarane må vera registrerte i Frivillighetsregisteret, og kunna dokumentera inntektsbortfall på minimum kr 25.000.
Søknadsfrist 15. januar.
Krisepakke 3 for frivilligheten - Lotteri- og stiftelsestilsynet (lottstift.no)

  • Arrangørar og underleverandørar til kultursektoren

For arrangementer som skulle vore avvikla frå oktober til desember, vil søknadsskjema og retningslinjer komma så snart forskrifta er klar. Følg med på nettsida!
Kompensasjonsordning for arrangører og underleverandører i kultursektoren - kulturradet.no

 

Andre støtteordningar
Kulturlivet har både offentlege ilskotsordningar og private støttespelarar.
Sjå oversikten over offentlege og kommunale støtteordningar på heimesida https://www.etne.kommune.no/tilskotsordningar.520907.nn.html

Tips ein ven  Skriv ut