HELFO bytte fastlege speilvendt bredt

Ny nasjonal nettløysing for fastlegeordninga

Måndag 6. juni kjem det ei ny nasjonal nettløysing for fastlegeordninga.

På «Min helse» på helsenoreg.no kan de finne oversikt over alle fastlegane i landet, samt bytte fastlege om de ynskjer det.

Det er planlagt fleire forbetringar hausten 2016. Bytte av fastlege skal tre i kraft fylgjande verkedag, i staden for den 1. i neste månad, som i dag.

Ikkje høve å bytte fastlege ved overgang til ny løysing
I samband med overgangen til ny løysing, vil dei fleste tenestene ikkje vere tilgjengelege frå og med onsdag 1. juni. Nedetida gjer at:

  • Innbyggarar ikkje kan bytte fastlege, korkje på helsenoreg.no eller ved å ringe 800HELSE (800 43 573). Det vil heller ikkje vere mogleg å søke i oversikt over fastlegar på dei opne sidene.
  • Sakshandsamarar hos Helfo kan ikkje legge inn nye fastlegeavtalar eller endre eksisterande avtalar.

Meir informasjon om fastlegeordninga og bytte av fastlege finn de på: www.helsenorge.no/fastlege

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut