Naturskade

Ny ordning for naturskadeerstatning

Ved årsskiftet vart ei ny lov om erstatning for naturskader sett i kraft. Det er gjort endringar i måten skadelidne søkjer om erstatning. Søknader skal no sendast til Landbruksdirektoratet.

Fram til no har skadelidne kontakta lensmannen for å få hjelp til å taksere skade og søkje om naturskadeerstatning. Frå 1.1.2017 skal den som har vorte utsett for skade sjølv søkje via eit elektronisk søknadsskjema på nett direkte til Landbruksdirektoratet. Målet er å få ein meir effektiv prosess, større grad av likebehandling og gje den skadelidne større eigarskap til heile søknadsprosessen.

Kva betyr endringane i praksis?

Dekningsområdet er i hovudsak det same som i dagens lov, og skadetypar som vert dekt vil også vere dei same. Den største endringa er at det vert innført eit elektronisk søknadsskjema der det er den enkelte sitt ansvar å søkje om erstatning. Skaden må dokumenterast med skildring, bilde og kart over skadane. Søknaden skal også innehalde informasjon om kostnaden ved reparasjon.

Lensmannen har ikkje lenger ei rolle i behandlinga av naturskadesaker. Det er no Landbruksdirektoratet som forvaltar heile ordninga, frå søknad til vedtak og eventuell erstatningsutbetaling.

Eigendel

Frå 1. januar 2017 vert eigendelen rekna ut som ein prosent av reparasjonskostnadene, 30 % av dei første 100.000 kroner, og 15 % av den delen som overstig 100.000 kroner.

Verdas mest omfattande erstatningsordning

Noreg har sida 1961 hatt ei statleg erstatningsordning for skadar som følgje av naturulukke. Det kan være skadar etter mellom anna skred, storm, flaum eller stormflo. Vegar og jordbruksareal er vanlege skadeobjekt. Naturskadeordninga i Noreg er unik i global samanheng. Ingen andre land har ei like omfattande erstatningsordning for naturskader. Statens naturskadeordning dekkjer alt som ikkje kan forsikrast gjennom vanleg forsikring. Statens naturskadeordning og naturskadeforsikringa dekkjer til saman nær alle skader på grunn og byggverk.

Sjå sida til Fylkesmannen i Hordaland

Du finn meir informasjon på nettsida til Landbruksdirektoratet.

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut