Gjertrud og Morten

Nye leiarar i kultureininga

Nye leiarar i kulturavdlinga og på biblioteket

Morten Odéen går inn i stillinga som kulturleiar og kulturskulerektor i Etne kommune frå 1. september. Morten kjem frå stillinga som mangeårig rektor ved Enge skule, og er elles eit kjent andlet i kultur- og musikklivet i Etne der han har vore aktiv på fritida. Liv-Kari Bødtker som har vore konstituert kulturleiar, går tilbake til stillinga si som kulturkonsulent frå same dato.

Gjertrud Fludal begynte i stillinga som bibliotekleiar 20. august. Gjertrud kjem eigentleg frå Sveio, og kjem nå heim til Vestlandet igjen etter sju år i Oslo der ho har teke bibliotekfagleg utdanning og vore i arbeid i ungdomsorganisasjonen Juvente. Ingeborg Sørheim som har vikariert som bibliotekleiar er, tilbake i stillinga som barne- og ungdomsbibliotekar.

Me ønskjer velkommen og lykke til i nye leiarroller!

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut