Corona

Nye lokale oppmodingar i Etne og Vindafjord

Etne og Vindafjord kommunar har sterk auke i talet på smitta siste veka. (Sjå eigen statistikk under). Situasjonen er uoversiktleg og kommunen driv aktiv smittesporing.

Slik situasjonen er i dag vil kommuneoverlegane i dei to kommunane på det sterkaste tilrå: (gjeld til og med 24.11.20)
 

1. Personar i risikogrupper bør unngå kollektivtrafikk, og sterkt avgrense talet på nærkontaktar.  

2. Arrangement for risikogruppene bør avlysast.

3. Alle planlagde arrangement bør nøye vurderast om dei kan utsetjast eller avlysast dei neste 2 vekene. Dette gjeld og planlagde gruppeturar osv.
    
4. Unødige fritidsreiser bør unngåast

5. Me rådar arbeidsgjevarar til å nytte heimekontor der det er formålstenleg.

6. Avgrensa besøk til personar som er innlagde i institusjonane vår. I tillegg vil institusjonane innføre forsterka tiltak ved besøk.

7. Breddeidrettsaktivitetar for personar over 20 år bør unngåast dei neste 2 vekene.

Generelle råd:  Hald avstand - Vask hender - ver heime om du er sjuk - avgrens din sosiale omgang.

  • Totalt smitta i Etne kommune sidan mars: 20 personar
  • Totalt smitta siste veka: 16 personar
  • Innlagt å sjukehus: 0 personar
Tips ein ven  Skriv ut