Corona2

Nye nasjonale innstramingar

Statsministeren leia i går pressekonferansen der ho la fram nye nasjonale innstramingar for å avgrensa Covid-19 pandemien.

Dei enkle smitteverntiltaka er framleis viktigast.

  • Vask hender
  • Hald avstand
  • Ver heime når du er sjuk

I lenka under kan du lesa meir detaljert om kvart av dei fylgjande punkta

  • I private heimar, hagar og hytter bør ein ikkje ha besøk av fleire enn 5 personar i tillegg til husstandsmedlemmane. Unntak gjeld for born i barnehage og barneskulealder, dei kan vera saman med sine kohortar og er unnatekne avstandskravet.
  • Ein bør avgrensa tal på personar ein er saman med i løpet av ei veke.
  • På private arrangement (bursdag, dåp, bryllaup, konfirmasjon etc) i lånt eller leigd lokale kan maks 50 personar delta (redusert frå 200).
  • Berre 50 personar kan delta på ein firmafest.
  • Utandørs arrangement kan framleis ha maks 600 deltakarar, men berre om det er fast seteplassering.
  • Endringar i karantenereglane ved arbeidsreiser frå utlandet til Noreg. Sjå lenke.

https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/nye-nasjonale-innstramminger/id2776995/

Har du spørsmål kan du kontakte Etne Kommune på epost: korona@etne.kommune.no

 

Tips ein ven  Skriv ut