Politiet

Nye politidistrikt frå 1. januar 2016

Etne vil nå høyra til Sør-Vest politidistrikt

Frå og med 1. januar 2016 vert talet på politidistrikt redusert frå 27 til 12 som ein følgje av politireforma, og samtidig tiltrer politimeistrane i dei nye politidistrikta.

Haugaland og Sunnhordland går saman med Rogaland inn i nye Sør-Vest politidistrikt.
Nåverande politimeister i Rogaland, Hans Vik, tiltrer som politimeister for det nye distriktet.
Dei vil frå nyttår jobbe med å etablere den nye organisasjonen, samtidig som dei to "gamle" distrikta skal driftast som normalt i ein interimperiode. Denne perioden vil i utgangspunktet vare frå seks til 12 månader. Steinar Langholm får rolla som visepolitimeister i det som er dagens Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.

Kontaktpunkt inn i dagens politidistrikt vil vera uendret frå 1. januar og ein periode ut i 2016.

Les mer om politireforma på www.politiet.no

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut