Oppussing Skv1[1]

Nyoppussa venterom

Takk til dei som har hjulpe til med å få pussa opp venterommet ved Skånevik helsesenter.

Måndag 18.november markerte me dei som hadde vore med å bidratt til at me har fått eit flott venterom på Skånevik helsesenter med kaka og kaffi. 

Dette prosjektet har me fått til i samarbeid mellom kommunen og frivillige, og me vil spesielt trekke fram Gudbjørg Christophersen som har vore ein pådrivar for prosjektet. 

Takk til Skånevik helselag ved Sigrid Olaug Sævareid og pensjonistforeningen ved Liv Tungesvik, for økonomiske bidrag til å få gjere det triveleg. 

Takk til tilsette i kommunen som har stått på for at me skal kunne få realisert prosjektet.

Takk til dei som har bidratt med malingsarbeid og anna hjelp på dugnad: Paul Ove Nordbø, Solveig Kvamme(frivilligsentralen), Jan Ulrik Langhelle, Evelyn Bøthun, Anna Eriksen, Anita Molnes og Ann Elisabeth B. Nordbø.

Oppussing Skv 2.jpg

Tips ein ven  Skriv ut