Nyskaparkonferansen 2015

Nyskapingskonferansen 2015

Atheno og Samarbeidsrådet for Sunnhordland ynskjer alle nyskapingsinteresserte velkomen til årets Nyskapingskonferanse som går av stabelen onsdag 6. mai, kl. 09:00 - 15:00 (registrering frå kl 08:30), på Høgskulen Stord/Haugesund på Rommetveit. Entreprenørskap, innovasjon og kreativitet står i fokus.


 

Nyskapingskonferansen har etablert seg som ein fast tradisjon og har vorte ein viktig arena for å henta inspirasjon, utveksla erfaringar, byggja nettverk, samt møta noverande og framtidige samarbeidspartnarar.

Nyskapingskonferansen ynskjer å trekkja fram enkeltpersonar og verksemder som har tenkt nytt, tilført eksisterande næringsliv auka konkurransekraft, eller som gir lokalsamfunnet vårt nye tilbod og spanande arbeidsplassar. Rett og slett personar som har skaparevne og vilje til å trakka opp nye spor der ingen før har gått.

Påmelding
 

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut