Geranium

Nytt frå helseavdelinga

Ny legevikar, vikar i psykisk helse og rus og tid for vaksinering i Skånevik

Legetenesta
Me ynskjer vikarlege Magnus Evans velkommen til oss. Han startar opp hos oss frå i dag ,måndag 16.11.20. Han skal jobbe hos oss fram til 04.12.20 i første omgong. Han vil jobbe på Skånevik legekontor mandagar og resten av vekedagane ved Etne legekontor.
Fastlege Elisabeth Winterthun har permisjon frå fastlegejobben og skal arbeide som smittevern-/kommuneoverlege så lenge me har ein pandemi i landet. Me håpar at ho er tilbake som fastlege innan juni 2021.

Dersom du ventar på røntgen svar, prøvesvar ol. vil du få svar på dette. Grunna situasjonen er det noko venting. Takkar for tolmod.

Psykisk Helse og rustenesta
Me ynskjer Mary Ann Landa vikar som spesialsjukepleiar velkommen. Ho har vidareutdanning i psykisk helse og kognitiv terapi, og skal vera vikar i tenesta 1 dag i veka ut året.  

Vaksinering Skånevik måndag 16.11.20
Det blir vaksinering i Skånevik for personar i risikogruppa i dag måndag 16.11.20.
Stad: helsestasjonen i Skånevik. Kl. 09.00-15.00.
Alle som kjem må vera friske.

Mvh,
helseleiar Elisabeth Lunde Sørheim

 

Tips ein ven  Skriv ut