Nytt omsorgssenter - Første "spadestikk" tatt

Ordførar Siri Klokkerstuen tok første "spadestikk". Entreprenørane kan no setja i gong med eit nytt etterlengta  omsorgssenter i Etne kommune.

2017-01-11

Bilde av AF + EK.jpg

Fra venstre: Hans Olav Storkås - Direktør AF Bygg og Prosjektpartner, Siri Klokkerstuen – Ordførar Etne kommune, Kristian Gudmundsen – Prosjektleder Etne kommune, Kitty S. Øyjord – Pleie og Omsorgsleiar Etne kommune


Gratulera med dagen til oss alle!

I dag har me foretatt den symbolske handlinga som viser at Etne kommune skal byggje nytt omsorgssenter. Dette er den største investeringa kommunen nokon gong har gjort. Prosjektet har vore under utvikling i 10 år. I dei 10 åra har me sett store endringar i behov hjå dei eldre, Samhandlingsreforma har lagt nye føringar for kva me skal tilby og me har hatt ei rivande utvikling av velferdsteknologi. Dette tek planane høgde for.

 

Etne kommune byggjer no eit moderne omsorgssenter med 40 einingar. 30 sjukeheimsplasser og 10 omsorgsbustader, kjøkken, fysioterapi og sansehagar. Det blir ein spennande kompetansearbeidsplass som legg til rette for samhandling mellom ulike yrkesgrupper og gode, trygge rammer for dei som treng det mest.

Med dette kan me gi eit enno betre tilbod lokalt. Kanskje kan det bli mogeleg å ta heim ØH sengene me kjøper av Haugesund kommune. Det vil tida vise.

 

Etne kommune set med dette i gang  ein av dei få store, offentlege byggeprosjekt i regionen. Ei viktig satsing i ei tid der det trengs arbeid. Bygget skal vera ferdig til 1. september 2018.

 

Lukke til med arbeidet!


Siri Klokkerstuen
Ordførar

 

Ordfører i gravemaskin avstandsbilde.jpg Ordfører i gravemaskin nærbilde.JPG

Ordførar og gravemaskinførar Siri Klokkerstuen tek første "spadestikk".

Kake.jpg

Tip a friendTips ein ven