Klokkerstuen, Siri

Nyttårshelsing frå ordføraren

Etne kommune ynskjer nye og gamle innbyggjarar  lukke til i  2017! 

I Etne kommune er folketalet høgare enn nokon gong. 4135 innbyggjarar bur  i den vakre og mangfaldige kommunen vår. Kommunen vår har kvalitetar som mange set pris på.  Den er ikkje stor, men er likevel større enn halvdelen av kommunane i Hordaland.  

Som ordførar i Etne er eg stolt over kommunen og ser optimistisk  på vegen vidare. Etne kommune har mange gode kvalitetar, positive innbyggjarar og gode tenester. Me er privilegerte som får bu på ein stad, i eit land der dei aller fleste opplever trygghet, fred, rein natur og velstand.  Saman skal me byggje vidare på dette.  

Me legg bak oss 2016, eit år eg kan bruka heile fargeskrinet til å skildre. Utfordringane  har vore interessante og krevjande. Flyktningsituasjonen i verda , globalisering, økonomiske konjunkturar, nasjonale satsingar, statsbudsjettet , alt er  styrande for utviklinga, også  i Etne. Som om ikkje det er nok har me Skulebruksplan og Tannhelseplan for Hordaland, Kommunereform, Regionreform, Nærpolitireform, Nasjonal Transportplan, Kommuneplan 2016-2026 .  Dette er store prosessar me har engasjert oss sterkt i for å påverke.  Me har store forventningar knytta til prioritering i NTP av  vegprosjektet E 134 Bakka-Solheim. Planar for opprustinga av Fv 48 , Håland-Skånevik er endeleg  i gang.

Fleire av desse sakene blir med oss inn i  2017. Den største utfordringa er kommuneøkonomien,  rammevilkåra for kommunar på vår storleik  er svekka. Me må og få betre breibanddekning over alt.. Gode løysingar er naudsynte for å leggje til rette for at folk buset seg i heile kommunen.

 Mulighetene er likevel mange for ei god utvikling. Nokon gonger må me likevel konstatere at alt ikkje blir slik me vil. Det kan vera krevjande å forsona seg med både for ordførar og andre, men me skal alltid sjå framover og  finna vegen vidare til det beste for våre innbyggjarar og våre lokalsamfunn.  

Omstilling er ein viktig eigenskap.  I  Etne kommune opplever me store endringar i innbyggjarane sine behov.  Då kan ikkje alt vera slik det har vore.  Me må heile tida vurdere korleis me skal gi best mogeleg tilbod til innbyggjarane innan strame økonomiske rammer.  Saman skal me utvikle tenestene våre og leggje til rette for ny teknologi, nye behov og god kompetanse. Etter mange års planlegging er det ekstra gledeleg at bygging av nytt Etne omsorgssenter blir realisert i 2017.

Næringslivet er mangfaldig og  har så langt vore mindre sårbart for svingingane me ser i regionen. Oppdrettsnæringa tek i bruk  spennande teknologiske løysingar i vår kommune. Reiselivet ser aukande  interesse for opplevingsturisme. Cruisebåtane i Haugesund og tilstrøyminga til Preikestolen og Trolltunga fører til ringverknader for vårt reiseliv. I landbruket er det store investeringar, generasjonsskifte og auke i dyrka areal.  Det er gledeleg å sjå nye generasjonar i aktivitet. Me har mange bedrifter og næringar  som kvar dag gjer ein stor innsats og skaper aktivitet i bygdene.  Ordføraren  vil nytta  høvet til å sei at eg set stor pris på det imponerande næringslivet i Vindafjord som sysselset mange av våre innbyggjarar.

Etne kommune  er  ein stor handels og kulturkommune i regionen.  Mange kjem til Etne for handel og kulturopplevingar. Det set me stor pris på. Kulturaktivitetar og frivillig  arbeid er limet i bygdene våre. Positive og inkluderande aktivitetar er viktig for trivsel, mangfald og trygghet i heile kommunen.  Barn og unge har gode rammer og gode tilbod i Etne kommune. Etne kommune er ein MOT kommune. Me brukar mykje ressursar på viktig førebyggjande arbeid og tidleg innsats. Nye, flotte bustadområde i Etne og Skånevik legg til rette for gode bumiljø. I tillegg har me god kapasitet på barnehageplassar.  Mulighetene er mange. Me bur på ein stad andre drøymer om å få oppleve som turist.  Velkommen til oss.

Etne kommune ynskjer nye og gamle innbyggjarar  lukke til i 2017!

Godt nytt år!

Siri Klokkerstuen                      
ordførar

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut