Haugaland Brann og Redning

Offentleg høyring

Forslag til lokale forskrifter for Etne kommune: Gebyr for gjennomføring av feiing og tilsyn, og Gebyr for sal av fyrverkeri.

Etne kommune sender, jf. vedtak i kommunestyret K-087/19 og  K-088/19 den 12.12. 2019, forslag om to nye forskrifter.

Forskrift 1 Gebyr for gjennomføring av feiing og tilsyn:
Etne kommune foreslår ei lokal forskrift utarbeida av Haugaland brann og redning iks, med heimel i brann- og eksplosjonsvernloven § 28 annet ledd og forskrift 17. desember 2015 nr. 1710 om brannforebygging § 14, § 15, § 16 og §17.
Forskrifta gjeld gebyr for gjennomføring av feiing og tilsyn i brannobjekt med fyringsanlegg.
Føremålet med forskrifta er å sørge for at kommunen får dekka sine utgifter ved gjennomføring av lovbestemt feiing og tilsyn med fyringsanlegg som vert nytta til oppvarming av byggverk.

Forskrift 2 Gebyr for sal av fyrverkeri:
Etne kommune foreslår ei lokal forskrift utarbeida av Haugaland brann og redning iks, med heimel i forskrift 26. juni 2002 nr. 922 om handtering av eksplosjonsfarleg stoff § 9-2, jf. Lov 14. juni 2002 nr.20 om vern mot brann, eksplosjon og ulykker med farleg stoff og brannvesenets redningsoppgåver.

Forskrifta gjeld gebyr for dekking av utgifter med handsaming av søknadar om løyve til handel med fyrverkeri i klasse II, III og IV og gjennomføring av tilsyn.
Forskrifta gir lokal tilsynsmynde rett til å fastsette og krevje inn gebyr for handsaming av søknadar om løyve til handel med fyrverkeri i klasse II, III og IV, eigenmeldingar og gjennomføring av tilsyn i sambandmed dette.

Forskriftene vil tre i kraft når dei er publiserte i Norsk Lovtidend, jf. forvaltningslova §38 c.

Ev. merknadar sendast til Etne kommune, adresse: Sjoarvegen 2, 5590 Etne, eller på e-post til post@etne.kommune.no. OBS! Ikkje send inn ein felles merknad for desse forskrifta. Merknader er i utgangspunktet offentlege og vil bli publisert.

Frist for merknadar er 9. november 2020.

Lenker til:

Tips ein ven  Skriv ut