Beitelag

Om tilskot til tiltak i beiteområde

Fylkesmannen i Hordaland lyser med dette ut investeringsmidlar til tiltak i beiteområde for 2017. Hordaland har fått tildelt ei ramme på kr 600.000 til dette formålet i 2017, noko som er litt meir enn i fjor. Frist for søknad er 15. mars.

Formålet med tilskotet er å leggje til rette for best mogleg utnytting av beite i utmark, redusere tap av dyr på utmarksbeite og fremje fellestiltak i beiteområda. Tilskot kan søkjast av lag eller foreiningar som driv med beitedrift og som skal investere i felles investeringstiltak og/eller planleggings- og tilretteleggingsprosjekt i beiteområde. Det er berre organiserte beitelag som kan søkje på dette tilskotet. Beitelag må bestå av minst to/tre medlemmer som har dyr på utmarksbeite. Generelt kan det gjevast tilskot til alle typar tiltak som fremjar beitebruken i eit område, men i hovudsak skal tiltaka vere stasjonære. Tiltaka vert for det meste prioritert som før. Her nemner vi nokre tiltak som kan vere aktuelle for tilskot.

  • Sanke- og skiljeanlegg
  • Bruer dimensjonert for dyr og folk
  • Sikring av skårfeste
  • Gjetarhytter/sankehytter
  • Diverse andre investeringar som saltsteinsautomatar og elektronisk overvakingsutstyr.


Søknad
Beitelag sender søknad om tilskot til sin beitekommune.
Søknadsfrist 15. mars 2017. Du finn lenkje til søknadsskjema i Altinn til høgre på denne sida. Hugs naudsynte vedlegg, som kart mm. Kommunen sender søknaden vidare til fylkesmannens landbruksavdeling saman med sin uttale innan 1. april. Fylkesmannen handsamer søknadene snarleg i samråd med Beiteutvalet, og svar kan ventast i slutten av april.

Søknad investeringstilskot Organisert Beitebruk

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut