Skilt

Omgjeringsvedtak i namnesak Tjelle og Flåte

Kunngjering - Omgjeringsvedtak i namnesak 1995/4 og 2015/16 Tjelle og Flåte – Etne kommune

Statens kartverk har 14.10.19 gjort omgjeringsvedtak for skrivemåten for Tjelle og Flåte i Etne kommune. Vedtaket er gjort med heimel i § 7 tredje ledd i lov om stadnamn. Vedtaksdokumentet er tilgjengeleg her.

Klage Etter § 12 i lov om stadnamn kan vedtak om skrivemåten påklagast av dei som etter § 6 fyrste ledd bokstav a til c har rett til å ta opp saker om skrivemåten av stadnamn. Klagefristen er tre veker frå meldinga om vedtaket er komen fram til mottakaren, jf. § 9 tredje ledd i forskrift om stadnamn. Dersom meldinga skjer med offentleg kunngjering, tek klagefristen til frå den dagen vedtaket vert kunngjort fyrste gongen. Dei som har klagerett, har rett til å sjå saksdokumenta, som er arkiverte hjå vedtaksorganet. Det er høve til å søkja om utsett iverksetjing av vedtaket til klagefristen er ute eller klaga er avgjord.

Ei eventuell klage skal sendast til Kartverket med kopi til kommunen. Klaga skal grunngjevast, og grunngjevinga må omtala alle namn eller namneledd klaga gjeld.

Etne kommune Utvikling

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut