lege illustrasjon

Omprioritering av ressursar og reduserte tenester innan helse og omsorg

Kommunen  er i ein situasjon kor personalressursar, særleg innan helse- og omsorgstenester, må disponerast på ein mest mogeleg fornuftig måte. 

Dette for å avgrensa smitte mot pasientar/brukarar og helsepersonell, og for at me skal førebu oss på å kunne hjelpa dei som blir sjuke av covid-19.  

På omsorgssentera kan det ta tid å svare opp på telefon og ved personal mangel vil ein kun klara å prioritera å ivareta dei grunnleggjande behova til pasientane. Ber om forståing for dette . 

Me har dessverre fleire av våre tilsette i karantene med bakgrunn i strenge kriterier for helsepersonell mht luftvegssymptom. Dette betyr at innbyggjarane våre vil få endra tenester framover. Kommunen håpar at pårørande  kan ha ekstra omsorg for sine kjære i denne situasjonen me nå står i. Dei som ein definerer til å ha behov for helsetenester vil få det, men kun til det viktigaste. Håpar på forståing for prioriteringane som blir gjort. Har du allereie helse- og omsorgstenester  frå kommunen vil du bli kontakta om det blir endringar i ditt tilbod.

  • Pleie og omsorgstenester:
  • Stengt for besøkjande til omsorgssentra våre i Etne og Skånevik og Gjerdsrabbane bufellesskap
  • Dagsenter for eldre er stengt mellombels både i Etne og Skånevik
  • Praktisk bistand blir redusert.
  • Færre besøk av heimesjukepleie til nokre av brukarane som har heimetenester
  • Avlastningstiltak frå miljøarbeidstenesta blir redusert
  • Reduksjon av støttekontaktarbeid i direkte kontakt.
  • Dagsenterdrift for heimebuande eldre er midlertidig stoppa

 

  • Legekontor:
  • Skånevik legekontor er stengt frå måndag 16.3.
  • Etne legekontor har stengt dør til resepsjon, og du vil bli henta av helsepersonell utanfor for time.
  • Fleire av våre fastlegar må nå prioritera andre oppgåver, mellom anna opp mot smittevern. Derfor vil ein i ein periode få legehjelp frå andre enn sin fastlege. Det vil òg vera prioriteringar av kva type helsehjelp som vil bli gitt.
    Ein vil oppmoda alle innbyggjarar til å nytta SMS for kontakt med legekontoret. Telefonen er open mellom 9.15-12.00 og 12.40-15.00. Det vil bli tilbod om videokonsultasjon om kort tid.
  • Etne og Vindafjord har avtale om at alle innbyggjarar i kommunen med luftvegssymptom, som treng legebehandling, vil få helsehjelp i Ølen på dagtid. Send sms/ring ETNE legekontor for avtale.
  • Har du behov for akutt legehjelp ring 113. Legevakt 116 117
  • Helsestasjon: Telefonnr.  53 75 81 08 er open og jordmor og ein helsesjukepleiar vil vera på jobb. Det er kun oppfølging av det mest nødvendige etter nasjonale retningsliner. Helsestasjon har stengt dør og ein må ta kontakt på telefon for avtale.
  • Fysioterapi og ergoterapi: Det meste av behandling vil bli utsett/avlyst. Kun det mest nødvendige vil bli prioritert.
  • Psykisk helse- og rustenesta: Det vil vera open telefon,  917 67 973, og ein vil få kontakt med psykiatrisk sjukepleiar som vil kunne hjelpe deg på dagtid mellom kl 08-15.30. Dagsenter er stengt. Det blir redusert tenestetilbud der helsepersonell vil jobba  med dei som treng det mest.

 

16.3.20
Kommuneoverlege Elisabeth Gunleiksrud

Konst. kommunalsjef Helse og omsorg, Hilde Høyland

Tips ein ven  Skriv ut