Omsorgsovertaking av eit barn

Oppdatert: 06.01.2016 13:47
Generelt
Omtale

Det offentlege tek over omsorga for eit barn når foreldra på ein eller annan måte ikkje har kunna gje god nok omsorg til barnet. Det må vere nødvendig å ta over omsorga ut frå den situasjonen barnet er i. Fylkesnemnda for barnevern og sosiale saker gjer vedtak om omsorgsovertaking. Eit slikt vedtak kan ein ikkje gjere dersom ein kan skape tilfredsstillande forhold for barnet ved hjelpetiltak.

Kort tid etter at dei har teke over omsorga for eit barn, skal barnevernstenesta kontakte foreldra og tilby rettleiing og oppfølging. Barnevernstenesta kan foreslå hjelpetiltak for å betre foreldra si omsorgsevne slik at ei framtidig tilbakeføring av barnet kan bli mogleg.

Foreldra kan krevje at vedtaket om omsorgsovertaking blir lagt fram for tingretten for rettsleg prøving.

Ein kan peike ut ein talsperson for å sikre at barnet blir høyrt i saker som fylkesnemnda skal behandle. Talspersonen skal vere talerøyr for barnet, og skal vere uavhengig av barnevernstenesta og foreldra til barnet.

Kriterium/vilkår

Kriterium for omsorgsovertaking kan vere 

  • at det er alvorlege manglar ved den daglege omsorga som barnet får, eller alvorlege manglar i den personlege kontakten og tryggleiken som det treng etter sin alder og utvikling
  • at foreldra ikkje sørgjer for at eit sjukt eller funksjonshemma barn får dekt sitt særlege behov for behandling og opplæring
  • at barnet blir mishandla 
Regelverk

Sjå spesielt barnevernloven § 4-12 - vedtak om å overta omsorgen for et barn



Lover
Barnevernloven

Forskrifter
Forskrift om barnets talsperson i fylkesnemndsaker
Praktiske opplysninger
Sakshandsaming

Den kommunale barnevernstenesta utarbeider forslag til vedtak. Fylkesnemnda for barnevern og sosiale saker, som er statleg, avgjer saka. Fylkesnemnda er eit domstolsliknande organ som normalt blir leia av ein jurist. Nemnda er elles samansett av to sakkunnige medlemmer og to lekfolk.

Kontaktinformasjon
Ansvarlig eining
Avdeling:Helse
Leder:Hilde Høyland
Kontaktpersonar
Hilde Høyland (Helseleiar)
Telefon: 53 75 81 21
Mobil:
Telefaks: 53 75 80 01
Epost: hilde.hoyland@etne.kommune.no
Andre opplysningar
Dato oppdatert
2016-01-06 13:47