ope møte

Ope møte i anledning høyring av kommunedelplanen

Tysdag 31. mai blei det arrangert eit ope møte i anledning offentleg høyring av kommunedelplanen for Etnesjøen. Rundt 40 deltakarar møtte (administrasjonen, politikarar, næringsliv, representantar frå friviljuge organisasjonar og andre interesserte).
Møtet var todelt, og då beståande av ein informasjonsdel og ein diskusjonsdel. Det blei informert om prosess og medverknad i planarbeidet, hovudtiltak i planen, om merknadsfristen og korleis merknadane bør byggast opp. I tillegg var det lagt opp til spørsmål og debatt frå salen. Det blei mykje engasjement og ein god debatt!
debatt
Debatt

 

Informasjon om Fonnakart

 

Plankartet finn ein og på Fonnakart: www.fonnakart.no

 

Gjer følgjande:

- Zoom inn på Etnesjøen.

- Vel karttype til venstre i menyen.

- Huk av slik: kommuneplanens arealdel. Utval: kommuneplan og kommuneplan under arbeid.

- Bruk infoknappen og peik i kartet for informasjon om dei ulike områda.

 

Informasjon om merknadar

 

For å gjere merknadshandsaminga mest mogeleg effektiv oppmodast det om følgjande:

- Viss det er eit forslag om endra arealbruk, legg ved eit kart.

- I så stor grad som mogeleg bør det vere ein grunngjeving av innspelet.

- Hugs avsendar.

 

Merknader til planframlegget sendast til Etne kommune, Postboks 54, 5591 Etne, eller på e-post til: firmapost@etne.kommune.no. Spørsmål kan rettast til kontaktpersonane Grete Kathrine Jacobsen (tlf: 53758237) og Vigdis Lode (tlf: 53758236).

 

Link til planframlegget

 

Hugs merknadsfrist 1.juli!

 

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut