
Ope verkstadsmøte i anledning tettstadanalyse for Skånevik
Publisert: 15. 06. 2011
Oppdatert: 15. 06. 2011 av Grete Kathrine Jacobsen
Oppdatert: 15. 06. 2011 av Grete Kathrine Jacobsen
Tysdag 28. juni 11 frå klokka 19:00-21:30 arrangerast det eit ope verkstadsmøte i anledning tettstadanalyse for Skånevik. Stad: Skånevik Fjordhotel, møterom Skåno og Peparen.
Hensikta med ein tettstadanalyse er å rette blikket mot nokre felles målsetjingar for utvikling, samt å få bevisstheit om staden sine kvalitetar og potensial. Resultatet av tettstadanalysen vil vere med på å leggje føringar for vidare planarbeid.
Program:
19:00-19:15: Velkomen v/ordførar Sigve Sørheim
19:15-19:30: Kva er ein tettstadanalyse? V/Vigdis Lode og Grete Kathrine Jacobsen
19:30-20:15: Gruppearbeid om problemstillingar knytt til tettstaden Skånevik
20:15-21:15: Presentasjon av gruppearbeid og debatt
21:15-21:30: Vegen vidare og nedsetting av referansegruppe for det vidare arbeidet