Haugaland Interkommunale Miljøverk

Opning av ny miljøstasjon i Etne

Den nye betjente miljøstasjonen ligg på Tongane i Etne og vart opna onsdag 24. november. Stasjonen vert open og bemanna to dagar i veka. Gunnar Mæland er tilsett som ansvarleg for stasjonen.

Ordførar Sigve Sørheim klipte høgtidleg snora og opna den nye miljøstasjoen. Det vart servert kaffi og kake som seg hør og bør ved slike høve. Avdelingsleiar Gro Staveland hadde omvisning på området. Dette er eit auka servicetilbod for kundar som bur langt frå Toraneset. Stasjonen er for privatpersonar og mindre bedrifter. Opningstida vert måndag og onsdag kl 15.00 til 19.00.I tillegg vert det lagt opp til laurdagsope i april til erstatning for tidlegare vårinnsamling. Kundane må sjølv sortera eige avfall etter merking og betala etter levert mengde.

Prisar på innlevering finn du på him.no

HIM håpar at mange vil nytta seg av tilbodet.Miljøstasjon på Tongane

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Miljøstasjon på Tongane[ 1]

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut