Brannbil Skv 1

Opning av oppdatert brannstasjon i Skånevik

Fredag 22. september vart den oppdaterte brannstasjonen opna, og den nye brannbilen vart offisielt overlevert

Brannbil Skv 1.jpg
Ordførar Siri Klokkerstuen, brannvernleiar Solveig Hortman som fekk overlevert nøklane til ny brannbil, og brannmann Tore Tendal.

Skånevik har nå fått ein oppgradert brannstasjon som oppfyller dagens krav.

Ordførar Siri Klokkerstuen klypte snora då brannstasjonen vart opna. Etne kommune leiger lokale til brannstasjon hos Magne Olseth, og det er han som har stått for oppgraderinga.
 

Brannbil Skv 2.jpg
Ordførar Siri Klokkerstuen i ny brannbil.

Den nye brannbilen er ein "Fremskutt enhet", dvs. den er fullt utstyrt til brann og redning - den har plass til fem personar, 200 liter vatn og skum og det som trengs ved redning i f.eks. bilulukker.

I morgon er det open dag ved brannstasjonen i Skånevik kl. 11.00.
Me oppmodar alle til å ta seg ein tur på besøk!

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut