St-Hans-på-Sæbøtunet-1-1-3292x1646

Opning av Sæbøtunet

St. Hansaftan 23. juni «gjenopnar» Sæbøtunet i Etne i restaurert og flott tilstand. Det blir feira med stor St. Hans-fest i tunet.

I 2016 brukte Sunnhordland museum ekstraløyvde midlar frå Kulturdepartementet til å oppgradera og restaurera tunet. Det største autentiske museumstunet i Sunnhordland blir no opna for publikum i heile sommar.

Etne sogelag vil saman med museet arrangera St. Hans-fest 23. juni kl. 18-21. Det startar med jonsokbryllaup for ungar, og bryllaupsfølget går frå meieriet kl. 18. Følget endar opp på Sæbøtunet, og her blir det offisiell «gjenopning» ved Etne-ordførar Siri Klokkerstuen.

Bjørn Arve Lunde vil orientera om restaureringsarbeidet som er gjort, og det vil også vera mogleg å få sjå inn i husa i tunet. Etne trekkspelklubb spelar og Mathias Høyland vil arrangera teaterleikar i Forteljarskuten. Formidlingsleiar Johanne Øvstebø Tvedten ved Sunnhordland museum skal fortelja eventyr for born i Eldhuset. I tillegg blir det fleire leikar i tunet.

Arrangørane tenner opp bål og grill, men mat og drikke tar besøkande med seg sjølve.

Sæbøtunet held ope kl. 11-16 kvar onsdag, fredag og søndag til og med 13. august. Også Nerheimstunet i Ølen vil «gjenopna» etter restaureringsarbeid det siste året. Der vil det vera ope kvar tysdag, torsdag og laurdag til og med 14. august.

Link til Sunnhordland Museum sine sider.

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut