Turrskodd

Opning av Turrskoddovermyrobruo

Gunn Nordis Ekornrud fekk æra av å opna bruo.

Ordførar Amund Enge saga over greina då me starta "Hålandshovda é Toppen" for mange år sidan.

Denne gongen har Harald Måge, Leif Arne Løvereide og Gisle Sellevold fullført eit prosjekt med dobbelt plankesett lagt på sviller over Hålandsmyro. Gunn Nordis gjekk turrskodd opp til Hålandshovda, og kom ned att og saga over greina som offisiell opning av "Turrskoddovermyrobruo".

Hålandshovda er ein av "Alle 30-nutane" i Etne kommune.

Nuteringsskjema finn du her.

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut