Corona2

Oppdatering

Som ein konsekvens av pressemeldinga i går har mange tatt kontakt med Etne kommune per telefon og epost. 

Totalt 15 personar er sett i karantene av kommuneoverlegen i Etne eller omliggande kommunar. 6 personar er i karantene i Etne. Alle som har teke kontakt skal nå ha fått svar, enten per mail eller på telefon av smittesporar.

Dersom det er nokre andre som var på Åkrafjordtunet måndag 21.09.20 mellom klokka 14-15, så ber me om at de kontaktar Etne kommune på epost korona@tne.kommune.no eller på telefon 53 75 80 00 (kl 9-15).

Minnar alle på at det er viktig å halde ein meter avstand og bruke god handhygiene.

Kommuneoverlegen

Tips ein ven  Skriv ut