580x500-v03

Oppdatert informasjon om krisepakken til idrett, kultur og frivillige

Frå 14. april kan frivillige lag og organisasjonar søkje om kompensasjon for korona-avlyste, utsette eller stengde arrangement.

Søknadsfrist 21. april 2020

Sjå oppdatert informasjon frå Regjeringa her.

Over heile Noreg har ei rekkje arrangement innan idrett og kultur blitt utsett, stengt eller avlyst. Krisepakken, ei stor kompensasjonsordning på ein milliard kroner, er meint å avhjelpe situasjonen.

Nå er mykje klart for at aktørar som fell inn under ordninga kan søkje om kompensasjon for bortfall av inntekter frå billettsal og deltakaravgifter, samt meirutgifter som følgje av at arrangement må avlysast eller utsetjast på grunn av koronaviruset.

Det vert opna for søknader 14. april, men allereie nå ligg det mykje god informasjon, rettleiing og spørsmål og svar på nettsidene til Lotteri- og stiftelsestilsynet og Kulturrådet, som forvaltar dei to ordningane.  Lotteri- og stiftelsestilsynet har den delen som rettar seg mot idrett og frivillegheit (inkludert kulturfrivillegheit). Kulturrådet har den delen som rettar seg mot kulturlivet.

Les meir om desse ordningane på nettsideene deiras www.lottstift.no og www.kulturradet.no

Tips ein ven  Skriv ut