
Oppfølging av budsjettvedtaket for 2013
«Kommunestyre deler Rådmannen sine bekymringar for dei store utfordringane kommunen vil ha i slutten av økonomiplanperioden . Store investeringar på omsorg vil medfører ei betydeleg høgare lånegjeld, og me vil vera sårbare ved ei eventuell renteendring.
Kommunestyre går inn for rådmannen sitt budsjett med desse endringane:
A. I første halvdel av 2013 ynskjer kommunestyre å få ei sak på strategiske grep som t.d eigedomsskatt, driftsendringar.
B. Tidleg innsats/Haugalandsløftet: Budsjettet legg ikkje opp til innsparingar i 2013 på dette punktet, men vidare i perioden. Kommunestyret ber rådmannen om ein prosess der einingsleiarane og PPT er med for å utgreia innsparingspotensialet grundigare.»
Fornmannskapet har i møte 14.03.13 presisert nærare kva som skal greiast ut i forhold til punkt A:
· Eigedomsskatt.
· Kjøkkentenesta skal sjåast på, eit kjøkken i Skånevik eller Etne som kan dekka kjøkkendrifta i heile kommunen.
· Alternativ for bustadgjering av sjukeheimsplassar ved Skånevik omsorgssenter og konsekvensar for drifta.
· Vurdere budsjetta på reinhald av kommunale bygg og sjå på organiseringa (reinhaldsfrekvens osv.)
· Vurdere budsjetta til vedlikehald av kommunale vegar og sjå på moglege driftsendringar.
· Innføring av «hamneavgift» for bruk til finansiering av utbetring av kommunale kaiar.
Rådmannen har sett i gang arbeidet med utgreiinga av punkt A og B ovanfor, med dei presiseringane formannskapet har gjort i møtet 14.03.
Kontaktperson for spørsmål og kommentarer er kommunalsjef Hilde Aartun Haraldseide,
tlf 53 75 80 26.