Oppmålingsforretning

Oppdatert: 16.10.2019 12:51
Generelt
Omtale

Oppmålingsforretning kan gå ut på å 

  • klarleggje og forklare grenser og rettar som er knytte til fast eigedom (matrikkeleining)
  • merkje og måle eksisterande grenser i marka i samsvar med påstandar frå partane og framlagte dokument
  • skaffe fram alle opplysningar og dokumentasjon som er nødvendig for å føre det offisielle registeret i landet over fast eigedom (matrikkelen). For ny matrikkeleining gjeld at du først må ha løyve frå kommunen etter plan- og bygningslova før eininga kan opprettast i matrikkelen. 
  • merkje og måle nye grenser i marka i samsvar med kommunalt løyve etter plan- og bygningslova
Målgruppe
  • Registrerte eigedomseigarar (personar som har grunnboksheimel som eigar til ein eigedom)
  • Registrerte festarar av grunneigedom eller festegrunn
  • Personar som har løyst inn festegrunn etter lov om tomtefeste
Kriterium/vilkår

Oppmålingsforretning skal mellom anna haldast dersom du skal

  • opprette ny matrikkeleining
  • opprette del av grunneigedom eller jordsameige som eigen festegrunn for bortfeste for meir enn ti år
  • opprette varig eksklusiv bruksrett til ubygt uteareal for ein eigarseksjon (t.d. hageareal eller parkeringsplass)
  • registrere eksisterande umatrikulert matrikkeleining (umatrikulert grunneigedom eller festegrunn)
  • overføre areal frå ei matrikkeleining til ei anna ved arealoverføring eller grensejustering
  • klarleggje eksisterande grense
  • setje ned grensemerke som er blitt borte

Oppmålingsforretning må vere utført før det kan opprettast grunnboksblad for nye matrikkeleiningar.

Regelverk
Sjå
matrikkellova Kapittel 7 Oppmålingsforretning
matrikkelforskriften Kapittel 7 Rekvisisjon og fullføring av oppmålingsforretning
plan- og bygningsloven § 20-1


Lover
Forvaltningsloven
Matrikkellova
Plan- og bygningsloven

Forskrifter
Matrikkelforskriften
Praktiske opplysninger
Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta

Krav (rekvisisjon) om oppmålingsforretning skal skje skriftleg. Du må gje opplysningar om mellom anna

  • kva som blir rekvirert (klarlegging av eksisterande grense, grensejustering, arealoverføring osb.)
  • kva for bokstav i matrikkellova § 9 som ligg til grunn for rekvisisjonen og dokumentasjon for dette
  • eigar- og festetilhøve
  • grenser og naboeigedommar vist på kart
Skjema
Som regel vil kommunen din ha skjema for rekvisisjon av oppmålingsforretningar. Men Kartverket har laga standardskjema som kan hentast hos kartverket.no.
 

Sakshandsaming

Ved matrikkelføring av ei sak som krev oppmålingsforretning, skal kommunen kontrollere at alle nødvendige offentlege løyve og annan nødvendig dokumentasjon ligg føre. Den som styrer oppmålingsforretninga, skal gje melding om tid og stad for forretninga. Varselet skal sendast til den som har kravt forretninga og alle som har grunnboksheimel til (eller kan godtgjere at dei eig) tilstøytande grunn. Det skal førast protokoll frå oppmålingsforretninga.

Sakshandsamingstid

Når rekvisisjon for oppmålingsforretning er motteke og det ikkje er avtalt noko anna med rekvirenten, skal kommunen gjennomføre oppmålingsforretninga og fullføre matrikkelføringa som hovudregel innan 16 veker.

Klagemulighet

Klagefristen er tre veker og går frå det tidspunktet du har motteke matrikkelbrevet eller melding om føringa i matrikkelen. Både heimelshavarar, eigarar og festarar som avgjerda har noko å seie for, kan klage på oppmålingsforretninga. Du sender klagen til kommunen, som også kan gje rettleiing. Dersom kommunen held fast på avgjerda, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal takast til følgje.

Kontaktinformasjon
Ansvarlig eining
Avdeling:Utvikling
Leder:Eikemo, Bjørn
Kontaktpersonar
Knut Erik Ebne (Rådgjevar Oppmåling)
Telefon: 53758234
Mobil:
Telefaks:
Epost: knut.erik.ebne@etne.kommune.no
Bjørn Eikemo (Leiar utvikling)
Telefon: 53758231
Mobil: 97038240
Telefaks:
Epost: bjorn.eikemo@etne.kommune.no
Andre opplysningar
Dato oppdatert
2019-10-16 12:51