iPad_mini_500x531

Opprett eFaktura og/eller avtalegiro – vinn iPad!

Alle som har oppretta avtale med Etne kommune innan 31. mars, er med i trekning av ein iPad mini Wi-Fi 16 GB.

 

Unngå lange KID nummer, betal heller med eFaktura eller AvtaleGiro!

Last ned elektronisk søknadsskjema her.

eFaktura
Har du nettbank og ønskjer å betale rekningane sjølv, kan du ta i bruk eFaktura. Med eFaktura får du rekningane ferdig utfylt rett i nettbanken. For å inngå avtale går du inn i nettbanken din. Under fana for betalingar finn du avtalar/nye avtalar. Der finn du "eFaktura" og registrerer dei opplysningane du blir beden om. Om du får spørsmålet om ditt eFakturareferansenr., finn du det på fakturaen du har motteke.

AvtaleGiro
Du blir varsla på kontoutskrifta med oversikt over neste trekk, då har du full kontroll med rekningane dine. Kontoen din blir automatisk belasta ved forfall, då slepp du å betale giroen i banken/nettbanken. Du får kvittering med forklarande tekst på kontoutskrifta i ettertid, då får du god oversikt.

Kombinere eFaktura og AvtaleGiro
Du kan og kombinere eFaktura og AvtaleGiro. Då vil belastninga bli utført på forfallsdato med AvtaleGiro, og eFaktura m/spesifikasjon av fakturaen vil fungere som varsel for betalinga. Du vil motta varsel pr e-post når eFakturaen er tilgjengeleg i din nettbank. For kombinasjonen må du fylle ut svarkupongen for AvtaleGiro + inngå eFakturaavtale i nettbanken.

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut