Vegtreff E134_450x269

Opprustning av E 134 frå Bakka i Etne til Solheim i Vindafjord

Samarbeidet mellom Etne og Vindafjord kommunar om opprustning av E 134 frå Bakka i Etne til Solheim i Vindafjord går vidare.

I eit felles møte mellom kommunane og Statens vegvesen 22. juni vart vidare framdrift for arbeidet drøfta. Det må no avklarast kva planar som skal utarbeidast for dei ulike strekningane og skaffast finansiering til planlegginga i første omgang. Dette er naudsynt for å få strekningane inn i neste Nasjonal Transportplan 2014 - 2023.

 

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut