Langfoss

Oppstart av arbeid med kommuneplan

Offentleg ettersyn

Formannskapet har i sak 072/14, i møte den 14.10.2014, vedteke at framlegg til planprogram for kommuneplan skal sendast på høyring og leggjast ut til offentleg ettersyn. Høyring og ettersyn skal vare i minimum 6 veker. Endeleg vedtak skal:

 

«gjøre rede for formålet med planarbeidet, planprosessen med frister og deltakere, opplegget for medvirkning, spesielt i forhold til grupper som antas å bli særlig berørt, hvilke alternativer som vil bli vurdert og behovet for utredninger» (plan- og bygningslova § 4-1).

Her er lenkjer til:

Framlegg til planprogram er òg lagt ut til offentlig ettersyn på Tinghuset i Etne, og på biblioteka i Etne og Skånevik.

Har du innspel til korleis ein kan leggje til rette for medverknad frå ulike grupper eller andre merknader som er vesentlege for planprogrammet, send dei til Etne kommune, Postboks 54, 5591 Etne, eller på e-post til: post@etne.kommune.no. Merk innspel med «planprogram». Spørsmål kan rettast til kommunen på tlf: 53 75 82 39.

Frist for merknader til planprogrammet er 17.12.2014.

 

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut