Skånevik - Flesjo

Oppstart av detaljregulering for fv. 48 Skånevik . Flesjo

Torsdag 17.11.16 var der oppstartmøte for arbeid med reguleringsplan for opprusting av vegstrekninga Skånevik – Flesjo. 

Deltakarar var Statens Vegvesen avd. Voss-Hardanger, Multiconsult og Etne kommune v/ avd. Utvikling. Etter møtet var der synfaring i planområdet.

Førebels planavgrensing er frå krysset ved Skånevik omsorgssenter til grensa mellom Flesjo og Tungesvik (ved tomta til fam. Ersland), ei strekning på om lag 2,6 km. Det vil bli lagt inn fortau frå omsorgssenteret og fram til Ytranesvegen/Vannesvegen.

Neste trinn i planprosessen er annonsering av oppstart. Interesserte kan då gi innspel til planarbeidet. Berørte naboar m.fl. vil få varsel i posten.
Planen utgjer første etappe av arbeidet med opprusting av fv. 48 mellom Skånevik og E 134.

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut