img_6559

Oppstart av reguleringsendring

I medhald av plan- og bygningslova §§ 12-14, 12-8 og 3-7 varslar Statens vegvesen om igangsetting av reguleringsendring for E134 Lauareid–Håland–Bakka.

 

Tiltakshavar er Statens vegvesen som utfører planlegginga. Arbeidet skjer i samarbeid med Etne kommune og ConStrada AS. Det er vurdert at planendringa som no skal utarbeidast ikkje utløyser krav om konsekvensutgreiing etter gjeldande forskrift.

Planområdet som skal endrast
Område for planendringa er vist med stipla linje på kartutsnitt. Blå stipla linje er gjeldande plan og rød stripla linje visar ny planavgrensing. Det er kun område som ligg utanfor gjeldande plan som skal behandlast i samband med denne planendringa.

Føremålet med planarbeidet
Statens vegvesen har i samband med utarbeiding av byggeplan vurdert at det vil vera naudsynt å endra gjeldande reguleringsplan. Det er gjort supplerande grunnundersøkingar som gjev større ufordringar enn først antatt. Konsekvensar av dette vil vera at veglinja må justerast i forhold til den regulerte linja.

Du/de kan også sjå varslet om planendring i denne annonsa.

For nærmare opplysningar om reguleringsarbeidet, ta kontakt med Statens vegvesen ved Tove Jakobsen tlf. 51 91 17 76 eller på e-post: tove.jakobsen@vegvesen.no

Merknad til planarbeidet merkes saksnummer 2010/083935 og sendes innan 1. desember 2012 til Statens vegvesen, Region vest, Askedalen 4, 6863 Leikanger eller e-post: firmapost-vest@vegvesen.no

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut