Innspel planstrategi

Oppstart kommunal planstrategi

Frist for innspel er 18. mai

Etne kommune skal starta arbeidet med kommunal planstrategi (2020 – 2023) i samsvar med plan- og bygningslova § 10-1.
Kommunestyret skal minst ein gang i kvar valperiode, og seinast eitt år etter konstituering, utarbeida og vedta ein kommunal planstrategi.
I planstrategien skal det nye kommunestyret avklara kva planoppgåver (eksisterande og nye) kommunane skal prioritera i valperioden, for å leggja til rette for ei ønska utvikling i kommunen.
Me inviterer her til å kome med innspel ein måtte ha i dette høve, og oppmodar om snarleg tilbakemelding. Innspelet sendast til post@etne.kommune.no. Merk innspelet «Planstrategi». Frist for innspel er 18. mai.

 

For meir info om kva ein planstrategi er:
https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/kommunal-planstrategi/id652436/

Dagens gjeldande planstrategi:
https://www.etne.kommune.no/planstrategi-2016-2020.401602.nn.html

Tips ein ven  Skriv ut