Etne sentrum_460x307

Oppstart kommunedelplan for Etnesjøen 2010

OPPSTART
Etne kommunestyre godkjende Planprogram for kommunedelplan for Etnesjøen i sak 011/10 i møte 16.02.2010 og konklusjonar etter tettstadanalysen som grunnlag for kommunedelplanarbeidet vart vedtatt i sak 031/10 i møte den 11.05.2010.

Kommuneplanarbeidet vert derfor kunngjort oppstarta med bakgrunn i ovannemnde vedtak i samsvar med § 11-12 i Plan- og bygningslova.

Føremålet med kommunedelplanen er å legge til rette for utvikling av Etne sentrum i samsvar med vedtaket i K-sak 031/10, der både E134 gjennom sentrum og ein framtidig trasé utanom sentrum er særs aktuelle tema.
Det vil verte kunngjort ope møte så snart ein har fått fram eit framlegg til kommunedelplan for Etnesjøen.

Her finn du link til:
K-sak 11/10
Konklusjonar av tettstadanalysen
Planavgrensing
Tettstadanalyse - rapport

Ovannemnde kommunestyresaker er å finne på Tinghuset i Etne, og på biblioteka i Etne og Skånevik. Spørsmål kan rettast til kommunen på tlf: 53 75 82 30.

Eventuelle merknader kan sendast pr post til Etne kommune, postboks 54, 5591 Etne, via e-post til  firmapost@etne.kommune.no eller vårt skjema for høyringsuttale

Innspel må sendast inn innan 12.10.2010 (6 veker etter at annonsa står i avisa.)
 

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut